Søk nå »

HMS-leiar

Ønsker du å gjøre en reell forskjell? I over hundre år har våre ansatte vært drivkraften bak å løse noen av verdens viktigste problemer – og vi håper du vil bli med å løse utfordringene i det neste århundret. Du bidrar til å påvirke vårt felles formål om å drive industriene våre og verden inn i en grønnere fremtid enten du jobber ved ett av våre resirkuleringsanlegg eller sikrer effektive prosesser for fornybar energi. 

Hydro Energi er ein av dei tre største kraftprodusentane i Noreg, med 42 vasskraftverk og ein vindpark på Tonstad som saman produsera heile 14 TWh fornybar energi. Av desse ligg 6 kraftverk i Sogn, med over 700 MW installert effekt fordelt på 13 turbinar. I dei komande åra vil det i tillegg til drift av eksisterande anlegg være eit betydeleg aktivitetsnivå, både med utbygging av nye, store vasskraftverk, oppgradering av våre eksisterande kraftstasjonar og større damrehabiliteringar 

I Hydro Energi Sogn er me 27 tilsette, som driftar og utviklar vasskraftverka våre frå lokasjonane i Årdal og Fortun. Arbeidsmiljøet vårt er kjenneteikna av mykje godt humør og arbeid i tverrfaglege team. Hydro Energi oppfordrar alle tilsette til å engasjere seg på tvers av eige fag- og kraftverksområde for å utvide eigen kompetanse og bidra til kontinuerleg forbetring. Dette gjev ei unik moglegheit til å vere med og utvikle både lokal organisasjon og seg sjølv, i ein arbeidskvardag der ein kan veksle mellom arbeid i felt og kontor.

 

Til våre anlegg i Sogn, Fortun og Årdal, søker vi  HMS-leiar. Vi søker etter deg som skapar entusiasme og engasjement og ønsker å bidra til å løfta oss videre innan anvarsområdet

 

Ansvarsområde

• Fagleg leiar innan HMS lokalt
• Utforming og implementering av mål, strategi og handlingsplanar for å skape varige forbetringar
• Ivareta lokalt HMS-koordineringsansvar ved drift, vedlikehald og prosjektaktivitetar
• Vere kontaktperson mot styresmakter og internt i selskapet for å ivareta pålagde myndighetskrav og etablerte standardar
• Sikre etterleving, utvikling og forbetring av internkontrollsystemet
• Vere ein aktiv pådrivar for førebyggjande HMS-arbeid
• Vere ein aktiv pådrivar for å nå selskapets mål innanfor miljø og berekraft
• Skape eit positivt og stimulerande arbeidsmiljø samt bidra til at verksemda blir drive utan skade på personell, eigedom, indre eller ytre miljø
• Ansvar for sikkerheitsopplæring, beredskapsplanar og risikoanalyser
• Analysere våre HMS-ytelsar og foreslå konkrete forbetringar

 

 

Kvalifikasjonar
• Bachelor eller minimum 3-årig universitetsutdanning
• Relevant erfaring kan kompensera for manglande formell utdanning
• 2-5 års relevant erfaring som HMS-leiar frå industri og gjerne kraftbransjen
• God kjennskap til lover, forskrifter og relevante standardar innan området
• God kjennskap til risikoanalyser
• God evne til å jobbe i team og vere ein pådrivar
• Beherske godt norsk og engelsk, skriftleg og munnleg


 

Vi tilbyr

  • Ein spanande moglegheit til å være med på utviklinga av Hydro Energi Sogn i Noregs vakraste reguleringsanlegg med Jotunheimen som næraste nabo
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit tett samarbeid med Hydro Energi sine andre lokasjonar, og moglegheit for å delta i fagnettverk for kunnskapsdeling


Annan informasjon

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er integrert i Hydros daglege virke. Det er vårt ansvar å beskytte våre tilsette si helse og sikkerheit, og bidra til ei berekraftig utvikling i dei nærmiljøa vi opererar. Vi søker derfor tilsette som vil bidra positivt til dette, gjennom sunne og bevisste HMS-haldningar.

 

Fast kontorsted vil være Fortun eller Årdal men det forventes tilstedeværelse på begge lokasjoner. Ein må pårekna at ein i periodar må bidra ved Hydro Energi sine andre lokasjonar.

Vi ber deg venleg om å legge ved alle relevante vitnemål og karakterutskrifter med din søknad. Vi aksepterer kun elektroniske søknader. Søknadsbrev og CV mottas ikkje på e-post.
I vår rekrutteringsprosess brukar vi Semac bakgrunnssjekk.

 

Stillngen vil inngå i ledergruppe for Hydro Energi Sogn og rapportere til Kraftverkssjef.

 

Søknadsfrist: 06.10.2024

Hvis du har spørsmål kan du kontakte:

 

Kraftverksjef

Per Gullaksen
Tlf: 913 33 851

Mail: per.gullaksen@hydro.com


Rekrutterar

Siri Romsbotn
Tlf: 464 33 363
Mail: Siri.Romsbotn@Hydro.com

 

En jobb der du betyr noe. 
For å lykkes med denne oppgaven er det viktig å legge til rette for et kollegialt miljø der forskjellene våre blir verdsatt som vårt største konkurransefortrinn. Et mangfoldig perspektiv gjør oss sterkere.  Vårt globale program for mangfold, inkludering og tilhørighet lar oss utvikle en arbeidsplass med høy ytelse og inkluderende egenskaper der alle føler seg verdsatt. 

Karriereutviklingen din er unik. Vi streber etter å gi deg den støtten du trenger for å oppnå ditt fulle potensial. Den globale utstrekningen vår, den inkluderende kulturen og den banebrytende teknologien vi bruker gir deg muligheten til å bygge en karriere i tråd med dine styrker og lidenskaper. 

Bli en del av vårt globale konsern med over 30 000 personer, tilstedeværelse i 40 land og med fokus på omsorg, mot og samarbeid. I Hydro har du muligheten til å gjøre en forskjell i bransjer som betyr noe.

Klikk her for å utforske vår verden og kjernen i vår virksomhet.
Publisert den:  16. sep. 2024
Sted: 

Årdal, NO, 6884 Årdal, NO, 6877

Avdeling: 
Forretningsområde: 
Juridisk enhet: 
Stillingstype:  Fast

Søk nå »