Industrimekanikar
Hydro Husnes ligg ved utløpet av Hardangerfjorden, i Kvinnherad kommune i Sunnhordland, med gode oppvekstsvilkår for born og ungdom. Området kan by på idyllisk skjærgård, høge fjell og isbrear, og det er flotte moglegheiter for fritidsaktiviteter både sommar- og vinterstid. Verket er Norges fjerde største aluminiumprodusent, målt etter årleg produksjonskapasitet på 200 000 tonn elektrolysemetall. I tillegg til produksjon av primæraluminium har verket eit støyperi for produksjon av pressbolt, og totalt kring 340 ansatte.
Ansvarsområde
Som industrimekanikar vil du ha ansvar for å utføre forebyggjande, planlagt og korrektivt vedlikehald på kranar, prosess- og driftsutstyr ved heile Hydro Husnes.
Arbeidsoppgåver vil blant anna vere:
• Planlegge og utføre vedlikehald og inspeksjonar
• Feilsøke, teste og verifisere
• Bidra til å utvikle og optimalisere produksjonsutstyr
• Halde deg fagleg oppdatert, dele kunnskap og erfaringar i organisasjonen
• Støtte drifts- og vedlikehaldsmiljø med fagkompetanse, samt delta i fabrikken sitt forbetringsarbeid
• Bidra til eit aktivt og forebyggjande HMS-arbeid
Kvalifikasjoner:
• Fagbrev innan industrimekanikarfaget
• Erfaring frå prosess- eller industrianlegg er ønskjeleg
• Bilsertifikat kl. B
• Forståing for teknisk dokumentasjon
• Meistre norsk skriftleg og munnleg, gjerne også engelsk
• God til å kommunisere og samarbeide med andre
Me ser etter deg som er engasjert, strukturert, initiativrik og kreativ. Du likar endringar og forbetringsarbeid, viser gode HMS-holdningar og evnar å utføre jobben i samsvar med Hydro sine standardar og verdiar.
Stillinga er på dagtid og rapporterer til områdeleiar sentralt vedlikehald. Etter endt opplæring vil du inngå i avdelingen si vaktordning.
Tilleggsinformasjon
Helse, miljø og tryggleik (HMS) er integrerte deler av Hydro sitt daglege virke. Det er vårt ansvar å verna om våre tilsette si helse, og bidra til ei berekraftig utvikling i våre nærmiljø. Me søkjer difor tilsette som yt eit positivt bidrag til dette, gjennom sunne og medvitne haldningar til HMS og som handlar i tråd med desse. Stillingane inngår i vaktordninga for vedlikehaldsavdelinga. Du vil få moglegheit til å halde deg fagleg oppdatert og utvikle deg.
Søknadsfrist: 10.11.2024
Viss du har spørsmål kan du kontakte:
Leiar:
Fredrik Walsjo
Mobil: (Norway +47) 41236854
Rekrutterer
Berit Aakre
(Norway +47) 92227339
Husnes, NO, 5460