Industrimekanikar
Hydro Husnes ligg ved utløpet av Hardangerfjorden, i Kvinnherad kommune i Sunnhordland, med gode oppvekstsvilkår for born og ungdom. Området kan by på idyllisk skjærgård, høge fjell og isbrear, og det er flotte moglegheiter for fritidsaktiviteter både sommar- og vinterstid. Verket er Norges fjerde største aluminiumprodusent, målt etter årleg produksjonskapasitet på 200 000 tonn elektrolysemetall. I tillegg til produksjon av primæraluminium har verket eit støyperi for produksjon av pressbolt, og totalt kring 350 ansatte.
No ser me etter ein engasjert industrimekanikar med godt humør, til vedlikehald i elektrolysen.
Ansvarsområde
Som industrimekanikar vil du ha ansvar for å utføre forebyggjande, planlagt og korrektivt vedlikehald på kranar, prosess- og driftsutstyr i elektrolysen ved Hydro Husnes.
Arbeidsoppgåver vil blant anna vere:
• Planlegge og utføre vedlikehald og inspeksjonar
• Feilsøke, teste og verifisere
• Bidra til å utvikle og optimalisere produksjonsutstyr
• Halde deg fagleg oppdatert, dele kunnskap og erfaringar i organisasjonen
• Støtte drifts- og vedlikehaldsmiljø med fagkompetanse, samt delta i fabrikken sitt forbetringsarbeid
• Bidra til eit aktivt og forebyggjande HMS-arbeid
Kvalifikasjoner:
• Fagbrev innan industrimekanikarfaget
• Erfaring frå prosess- eller industrianlegg er ønskjeleg
• Bilsertifikat kl. B
• Forståing for teknisk dokumentasjon
• Meistre norsk skriftleg og munnleg, gjerne også engelsk
• God til å kommunisere og samarbeide med andre
Me ser etter deg som er engasjert, strukturert, initiativrik og kreativ. Du likar endringar og forbetringsarbeid, viser gode HMS-haldningar og evnar å utføre jobben i samsvar med Hydro sine verdiar.
Stillinga er på dagtid og rapporterer til områdeleiar desentralt vedlikehald elektrolyse. Etter endt opplæring vil du inngå i avdelingen si vaktordning
Tilleggsinformasjon
Helse, miljø og tryggleik (HMS) er integrerte deler av Hydro sitt daglege virke. Det er vårt ansvar å verna om våre tilsette si helse, og bidra til ei berekraftig utvikling i våre nærmiljø. Me søkjer difor tilsette som yt eit positivt bidrag til dette, gjennom sunne og medvitne haldningar til HMS og som handlar i tråd med desse.
Vi aksepterer kun elektroniske søknadar. Søknadar vert ikkje tekne imot på e-post.
Søknadsfrist: 10.01.2025
Viss du har spørsmål kan du kontakte:
Leiar:
Asle Moberg
E-post: Asle.Moberg@hydro.com
Mobil: (Norway +47) 90587645
Rekrutterer
Berit Åkre
Berit.Akre@hydro.com
(Norway +47) 92227339
Husnes, NO, 5460