Kjøretøymekaniker
Hydro Aluminium Metal er en ledende leverandør av pressbolter, valseblokker, støpelegeringer, tråd og høyrenhetsaluminium med et globalt produksjonsnettverk med rundt 5000 ansatte. Vi har anlegg for produksjon av primærmetall i Europa, Canada, Australia, Brasil og Qatar, og gjenvinningsanlegg i Europa og USA. To tredjedeler av vår produksjon av primæraluminium er basert på fornybar energi.
Hydro Husnes ligg ved utløpet av Hardangerfjorden, i Kvinnherad kommune i Sunnhordland, med gode oppvekstsvilkår for born og ungdom. Området kan by på idyllisk skjærgård, høge fjell og isbrear, og det er flotte moglegheiter for fritidsaktiviteter både sommar- og vinterstid. Verket er Norges fjerde største aluminiumprodusent, målt etter årleg produksjonskapasitet på 200 000 tonn elektrolysemetall. I tillegg til produksjon av primæraluminium har verket eit støyperi for produksjon av pressbolt, og totalt kring 340 ansatte.
Vil du vere med og halde hjula i gong? Bli ein del av vår dedikerte gjeng på køyretøyverkstaden!
No søkjer me etter ein ny kjøretøymekanikar til vår verkstad. Stillinga er ei viktig brikke for å oppretthalde stabil drift og oppetid på kritisk utstyr.
Kvifor skal du velje oss?
Du får moglegheita til både fagleg og personleg utvikling i eit konsern som ynskjer at du skal lukkast! Me har det kjekt på jobb med varierte dagar og eit arbeidsmiljø som er prega av mykje omtanke for kvarandre.
Køyretøyverkstaden inngår i teknisk eining og har som mål å reparere og vedlikehalde produksjonskøyretøy til metallverket. Teamet består av 14 fast tilsette, samt 1 lærling.
Dine arbeidsoppgaver
Som køyretøymekanikar vil du jobbe i vår køyretøyverkstad og utføra førebyggjande, planlagt og korrektivt vedlikehald på eit stort utval av køyretøy.
Arbeidsoppgåvene vil blant anna vere:
• Vedlikehald av maskinparken til verket
• Dagleg oppfylgjing av utstyr og maskiner
• Vere ein pådrivar i HMS-arbeid og forbetringsarbeid
• Rapportere i Hydro Husnes sitt vedlikehaldssystem
Dine kvalifikasjoner og ferdigheter
• Fagbrev som anleggsmaskinmekanikar eller anna relevant fagbrev innan mekanikarfag
• Kompetanse og erfaring frå vedlikehald av anleggsmaskiner, kjøretøy og liknande
• Interesse og erfaring innan digitalisering/automatisering er ein fordel
• Kompetanse og erfaring innan hydraulikk og elektriske køyretøy er ein fordel
• Førerkort klasse B
• Evne til å nytte digitale arbeidsverktøy
• Evne til å utføre jobben i henhold til Hydro sine verdiar; omsorg, mot og samarbeid
• Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
Som person er du initiativrik, fleksibel og strukturert. Du jobbar godt sjølvstendig, men fungerer og bra i team. Du ser verdien av å dele kunnskap, har godt humør og held hovudet kaldt i ein hektisk kvardag.
Tilleggsinformasjon
Stillinga rapporterer til Områdeleiar køyretøy.
Som køyretøymekanikar vil du bli ein del av vaktordninga ved verket. Det er derfor viktig at du bur i nærleiken for å ha moglegheit til å rykke ut raskt på utkallingar.
Helse, miljø og tryggleik (HMS) er integrerte deler av Hydro sitt daglege virke. Det er vårt ansvar å verna om våre tilsette si helse, og bidra til ei berekraftig utvikling i våre nærmiljø. Me søkjer difor tilsette som yt eit positivt bidrag til dette, gjennom sunne og medvitne haldningar til HMS og som handlar i tråd med desse
Me tek kun imot elektroniske søknadar, søknadsbrev og CV vert ikkje tekne imot på epost.
Hydro verdset ulike evnar og synspunkt blant medarbeidarene. Me oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Me strebar etter å gje rettferdige mogleigheiter for alle.
Søknadsfrist: 01.06.2025
Hvis du har spørsmål kan du kontakte:
Leder:
Thore Lillesand
(Norway +47) 99551925
Rekrutterer:
Bodil Madslien
Bodil.Madslien@hydro.com
(Norway +47) 41617458
Husnes, NO, 5460