Operatør bygg- og vassforsyning
Sidan 1905 har Hydro utvikla naturressursar til verdifulle produkt for menneske og verksemder, med fokus på trygge og gode arbeidsplassar for våre 30 000 ansatte på fleire enn 140 stader i verda.
Hydro skal vere leiande i arbeidet med å utforme ei bærekraftig framtid og ønskjer å skape meir livskraftige samfunn gjennom nyskapande og effektiv utvikling av naturressursar til løysningar og produkt som betyr noko.
Hydro Husnes er 100 % eigd av Hydro, og er Norges fjerde største aluminiumprodusent, målt etter årleg produksjonskapasitet på ca. 200 000 tonn elektrolysemetall. Hydro Husnes ligg ved utløpet av Hardangerfjorden i Kvinnherad kommune i Sunnhordland. Området har gode oppvekstvilkår og kan by på alt frå idylliske fjordar til høgfjell og isbrèar, som gjev stort spelerom for fritidsaktivitetar både sommar- og vinterstid.
Har du godt humør og interesse for VA / VVS?
Me søkjer etter ein ny kollega med interesse og gjerne erfaring frå vatn- og avløp(VA). Du vil inngå i eit tverrfagleg team som dagleg bidreg til at Hydro Husnes kan nå sine mål.
Kvifor skal du velje oss? Du får moglegheita til både fagleg og personleg utvikling i eit konsern som ynskjer at du skal lukkast! Me har det kjekt på jobb med varierte dagar og eit arbeidsmiljø som er prega av mykje omtanke for kvarandre.
Avdeling for infrastruktur høyrer til Teknisk eining og har ansvar for vedlikehald av bygg- og vassforsyning ved Hydro Husnes.
Arbeidsoppgåvene vil blant anna vere:
- Hovudoppgåver vil vere innan VA (vatn og avløp)
- Bidra i forbetringsarbeid i eige område
- Bidra til å utvikle og optimalisere arbeidsprosessar
- Halde seg fagleg oppdatert, dele kunnskap og erfaringar i organisasjonen
- Støtte drifts- og vedlikehaldsmiljø med fagkompetanse, samt delta i verket sitt forbetringsarbeid
- Bidra til eit aktivt og førebyggjande HMS-arbeid
Kvalifikasjonar
- Ønskjeleg med industrirelevant fagbrev
- Kompetanse og erfaring innan VA og VVS er ein fordel
- Ønskjeleg med erfaring fra industri, bygg og anlegg
- Førerkort klasse B
- Beherske digitale arbeidsverktøy
- Evne til å utføra jobben i samsvar med Hydro sine verdiar
- God til å kommunisere og samarbeide med andre
Arbeidskvardagen er variert, me treng difor at du er tek initiativ, ser løysingar og og evner å jobbe sjølvstendig. For å lykkast og trivast i jobben må du ha godt humør, vere fagleg nysgjerrig og ha allsidig erfaring. Du må ta ansvar der det trengs og tenkje proaktivt kring HMS. Du er lærevillig, engasjert og jobbar like godt sjølvstendig som i team.
Stillinga er på dagtid og rapporterer til Områdeleiar infrastruktur.
Søknadsfrist: 01.05.2024
Viss du har spørsmål kan du kontakte:
Leiar:
Fred Nilsen
Mobil: +47 45853909
Rekrutterer
Berit Aakre
(Norway +47) 92227339
Hydro går i ein ny og spanande retning, og vi er avhengige av ulike perspektiv for å løyse oppgåvene våre og møte kundane sine behov. Vi byggjer på våre tre kjerneverdiar – omtanke, mot og samarbeid – og har som mål å ha eit bærekraftig arbeidsmiljø med høg prestasjon basert på inkludering av forskjellige menneske.
Husnes, NO, 5460