Operatør kai logistikk
Hydro Husnes er 100 % eigd av Hydro, og er Norges fjerde største aluminiumprodusent, målt etter årleg produksjonskapasitet på ca. 200 000 tonn elektrolysemetall. Hydro Husnes ligg ved utløpet av Hardangerfjorden i Kvinnherad kommune i Sunnhordland. Området har gode oppvekstvilkår og kan by på alt frå idylliske fjordar til høgfjell og isbrèar, som gjev stort spelerom for fritidsaktivitetar både sommar- og vinterstid.
Avdelinga kai logistikk høyrer til eining for driftstøtte og er saman med dei andre driftsavdelingane, ei viktig brikke i verdikjeda. Avdelinga har ansvar for mottak av råstoff og behandling av ferdige produkt.
Stillinga som operatør ved kai logistikk er variert og interessant, og arbeidsmiljøet er prega av samhald og trivsel.
Ansvarsområde
Arbeidsoppgåvene inneber blant anna:
• Lasting og lossing av båtar og bilar
• Lossing av råstoff
• Transport av varer til andre avdelingar internt
• Bidra til eit aktivt og førebyggande HMS-arbeid
• Bidra i forbetringsarbeid
Me nyttar truck, terminaltraktor, hjullaster og kran i dei fleste arbeidsoppgåvene.
Kvalifikasjoner
• Fagbrev innen logistikk eller tilsvarande
• Relevant driftserfaring kan kompensere for fagbrev
• Sertifikat på truck, kran, hjullaster, og terminaltraktor er ønskjeleg
• Sertifikat klasse B
• Evne til å utføre jobben i samsvar med Hydro sine verdiar
Vi ser etter deg som er opptatt av tryggleik og forbetringar. Du har godt humør, er engasjert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Du evnar og trivst med å jobbe både sjølvstendig og saman med andre.
Arbeidstid ved avdelinga er 2-skiftsordning utan helg og 5-skiftsordning. Ved oksidlossing er arbeidstid 5-skift heilkontinuerleg.
Stillinga rapporterer til områdeleiar kai logistikk
Tilleggsinformasjon
Helse, miljø og tryggleik (HMS) er integrerte deler av Hydro sitt daglege virke. Det er vårt ansvar å verna om våre tilsette si helse, og bidra til ei berekraftig utvikling i våre nærmiljø. Me søkjer difor tilsette som yt eit positivt bidrag til dette, gjennom sunne og medvitne haldningar til HMS og som handlar i tråd med desse.
Søknadsfrist: 08.12.2024
Viss du har spørsmål kan du kontakte:
Leiar:
Ove Sjo
Mobil: (Norway +47) 91367289
Rekrutterer
Berit Aakre
(Norway +47) 92227339
Husnes, NO, 5460