Technical supervisor
Hydro Husnes ligg ved utløpet av Hardangerfjorden, i Kvinnherad kommune i Sunnhordland, med gode oppvekstsvilkår for born og ungdom. Området kan by på idyllisk skjærgård, høge fjell og isbrear, og det er flotte moglegheiter for fritidsaktiviteter både sommar- og vinterstid. Verket er Norges fjerde største aluminiumprodusent, målt etter årleg produksjonskapasitet på 200 000 tonn elektrolysemetall. I tillegg til produksjon av primæraluminium har verket eit støyperi for produksjon av pressbolt, og totalt kring 350 ansatte
No har vi ledig stilling som technical supervisor for mekanisk infrastruktur i avdeling sentralt vedlikehald.
Som technical supervisor har du eit drifts- og vedlikehaldsansvar for anlegga som inngår i mekanisk infrastruktur, og som skal sikre stabil forsyning av gass, trykkluft og varme. Du har og eit driftsansvar for ferskvatnspumpestasjon, sjøvatnstasjon og dieseloljeanlegg.
Kvifor skal du søkje?
Du vil få moglegheit til å utvikle fagekspertise i ei avdeling med brei kompetanse og støtte frå dyktige kollegaer. Hos oss vil du bli ein del av eit godt arbeidsmiljø og ein arbeidsgjevar som legg til rette for at du skal lukkast i stillinga.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
• Sjølvstendig utføre drift- og vedlikehaldsarbeid ved anlegga
• Planlegge og utføre vedlikehald, inspeksjonar og revisjonar
• Pådrivar for forbetringsarbeid
• Delta i prosjekt i eige område
• Dagleg rapportering og oppfølging
• Halde deg fagleg oppdatert, dele kunnskap og erfaring i organisasjonen
• Kontinuerleg bidra til HMS-arbeid og -forbetrande tiltak
Kvalifikasjonar:
• Fagbrev innan mekaniske fag
• Gjerne teknisk fagskule eller høgare utdanning innan mekanisk eller elektro/automasjon
• Fordel med erfaring innan gassanlegg
• Erfaring frå drift og vedlikehald av pumpe-, røyr- og trykkluftsanlegg
• Erfaring med forbetringssarbeid
• Evne til å nytte digitale arbeidsverktøy
I denne stillinga er det ei forventning om høg kompetanse og eigarskap til utstyr innan eige område. Du må difor vera villig til å ta kurs og/eller utdanning for å tilegna deg naudsynt kompetanse.
Dette er stillinga for deg som trivst når du får fordjupe deg innanfor eit fagområde. For å lukkast i stillinga er det viktig at du og trivst med ansvar og evner å vere tydeleg og roleg når situasjonen krev det. Det vil og vere viktig å ha ein strukturert arbeidsstil, ha analytiske evner og fungerer godt i team.
Stillinga er på dagtid og rapporterer til områdeleiar sentralt vedlikehald.
Tilleggsinformasjon
Helse, miljø og tryggleik (HMS) er integrerte deler av Hydro sitt daglege virke. Det er vårt ansvar å verna om våre tilsette si helse, og bidra til ei berekraftig utvikling i våre nærmiljø. Me søkjer difor tilsette som yt eit positivt bidrag til dette, gjennom sunne og medvitne haldningar til HMS og som handlar i tråd med desse.
Vi aksepterer kun elektroniske søknadar. Søknadsbrev og CV vert ikkje tekne imot på e-post.
Søknadsfrist: 03.04.2025
Viss du har spørsmål kan du kontakte:
Leiar:
Fredrik Wälsjö
Mobil: (Norway +47) 41236854
Rekrutterer
Berit Åkre
(Norway +47) 92227339
Husnes, NO, 5460