Har du utdanning innan elkraft og ynskjer å bli ein del av eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø?
Hydro Husnes ligg ved utløpet av Hardangerfjorden, i Kvinnherad kommune i Sunnhordland, med gode oppvekstsvilkår for born og ungdom. Området kan by på idyllisk skjærgård, høge fjell og isbrear, og det er flotte moglegheiter for fritidsaktiviteter både sommar- og vinterstid. Verket er Norges fjerde største aluminiumprodusent, målt etter årleg produksjonskapasitet på 200 000 tonn elektrolysemetall.
Ved full drift har verket eit effektforbruk på 350 MW som blir distribuert til elektrolyse og dei ulike delfabrikkane på verket. Ansvar for dette vert handtert av avdeling for straumforsyning.
Kva tilbyr me?
Me har eit venleg og inkluderande arbeidsmiljø, der me ser og oppmuntrar kvarandre. Du får utfordrande arbeidsoppgåver i ein variert arbeidskvardag, saman med dedikerte og fagleg dyktige kollegaer. Hydro er ein leiande aktør innan aluminiumsproduksjon, med gode betingelsar og moglegheiter for karriereutvikling.
Kva skal du gjere?
Vår avdeling handterer drift og vedlikehald av, samt gjennomføring av prosjekt i forsyningsanlegget for høgspenning til verket. Stillinga er ei viktig brikke for å oppretthalde stabil drift og høg oppetid i vårt 300/24 kV koplings- og distribusjonsanlegg, samt eit større likeretter- og fasekompenseringsanlegg.
Arbeidsoppgåvene vil blant anna vere:
- Drift og vedlikehald av høgspenningsanlegg
- Prosjektleiing, planlegging og oppfølging av prosjekt
- Teknisk støtte innan drift og vedlikehald av høgspenningsanlegg
- Utarbeide elektroteknisk dokumentasjon, samt revisjon av eksisterande
- Gjennomføre risiko- og rotårsaksanalyser
- Vere ein pådrivar innan kvalitets- og forbetringsarbeid
Kva vil bidra til at du lukkast i stillinga?
- Fagskule/Bachelor/Master innan elkraft/elektro/automasjon
- Erfaring innan drift og vedlikehald av elektriske høgspenningsanlegg
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne, på både norsk og engelsk
- Elles vil det vere ein fordel å ha:
-
- Fagbrev Energimontør, gruppe H eller A
- Erfaring med prosjektleiing
- Kjennskap til DAK-verktøy (AutoCAD)
- Kompetanse innan høgspenningsvern og PLS-er, samt programmering av desse
- Erfaring innan tyristoranlegg eller større VFD-anlegg
Me søkjer deg som:
For å lukkast i jobben må du vere strukturert, løysingsorientert og ha ei bevisst haldning til HMS. Arbeid i og med høgspentanlegg kan by på krevjande situasjonar, det er difor viktig at du klarar å halde hovudet kaldt og har ein svært god evne til å forstå og formidle informasjon munnleg og skriftleg, både på norsk og engelsk. Me treng ein person med fagleg tyngde og allsidig erfaring, som kan arbeide like godt sjølvstendig som saman med andre.
Det er ønskjeleg at du kan delta i vår vaktordning, med veke- og helgevakter. I samband med vaktordning er det viktig at du har sertifikat på personbil.
Stillinga rapporterer til områdeleiar for infrastruktur.
Søknadsfrist: 10.05.2026
Hvis du har spørsmål kan du kontakte:
Einingsleiar teknisk avdeling
Helene Sjo Prestegård
(Norway +47) 99375605
Rekrutterer
Berit Åkre
(Norway +47) 92227339
Elkraftingeniør
Husnes, NO, 5460